Languages

Prosjekt

 

Forsking på effekt av implementering av sjumilssteget i 5 kommunar

Prosjektleiar: Anette Wolff, HIFUS

Samarbeidspartar forsking: HIFUS og Norsk institutt for by og regionsforskning v/ Heidi Bergsli, PhD samfunnsgeografi

Forprosjekt finansiert av Regionalt forskningsfond Vest

Periode: 2015-16

 

I juni-14 fekk prosjektet ”Sju steg for fem kommunar -Sjumilssteget og folkehelse i kommunane” verkty som skal sikre at artiklane i barnekonvensjonen vert brukt til å planlegge og kvalitetssikre tenestene til barn og unge i kommunane. Kommunane som er involvert er Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen (HAFS).Prosjektet skal arbeide med tverrfagleg samarbeid, kompetanse og felles forståing om korleis ein implementerer FN sin barnekonvensjon i kommunane. Eit hovudmål med prosjektet er inkludering og medverknad frå brukarar for å sikre best mogleg ivaretaking av barn, unge og familiar.

Dei involverte kommunane ynskjer at effekten av prosjektet blir forskingsmessig analysert for å kunne evaluere betydinga av implementering av sjumilssteget (følgeforsking). Det er bakgrunnen for hovudforskingsprosjektet vi planlegg og kvalifiseringsprosjektet vi no ynskjer å starte opp med. Målet for hovudforskingsprosjektet er å utvikle og effektevaluere gode verkty for å oppnå sunne, integrerande oppvekstmiljø for barn og unge som er forankra i barna sine behov. Vi ynskjer å sjå spesifikt på kva betyding implementering av sjumilssteget har for

  1. Brukarmedverknad/samhandling med innbyggarane innan folkehelse (eit av fokusområda til sjumilssteget). Basis vs. 3 år etter. Sikrar det kommunane betre tenester?
  2. Det tverrfaglege og interkommunale samarbeidet og korleis effektivisere kommunikasjon (overføringsverdi til folkehelsetiltak i andre kommunar og til andre temaområder)

_____________________________________________________________________________________

 

Samarbeidsprosjekt med AVANS for å finne optimale løysingar for samhanding i rehabiliterings- og attføringsfaget

 

Prosjektperiode: 2015-16

Prosjektleiar: AVANS

Prosjektmedarbeidar: Anette Wolff, HIFUS

Forprosjekt støtta av Innovasjon Norge

 

______________________________________________________________________________________________

 

Helseundersøkinga i Sogn og fjordane

På prosjektskisse plan/under arbeid; søknader om finansiering er sendt

Prosjekteigar og prosjektleiar: Anette Wolff, HIFUS

Helse-utfordringane framover blir store, og ein må fokusere på å utvikle både tenesta som behandlar sjuke og kunnskapen om helse og helsetenestene.  Sogn og fjordane har lenge blitt sett på som eit fylke med høg trivsel og god helse. Haugland internasjonale FoU-senter (HIFUS) ynskjer her, saman med kunnskapsmiljø frå bl.a. Universitetet i Bergen, Helse-Førde og Høgskulen i Sogn og fjordane, å skape eit unikt prosjekt som kan vere med på å fronte Sogn og fjordane innan kunnskapsbasert folkehelse. Ved å opprette eit kvalitetsregister av data basert på spørjeundersøkingar, intervju, objektive biologiske testar og ein biobank med blodprøvar med samtlege personar i fylket over 13 år, vil vi lage ein base som ein kan nytte for å identifisere risikoelement for sjukdom eller faktorar som beskyttar, såkalla «friskelement».  Dette er data ein treng for å få oversikt over kor ein bør sette inn tiltak for å minimalisere sjukdom/skade. Vi meiner at prosjektet har stor gjennomføringskapasitet p.g.a. det allereie breie, dedikerte samarbeidet i forhold til kunnskapsmiljø og forsking og fordi Sogn og fjordane har ein forholdvis oversiktleg befolkning. Prosjektet har vidare stor samfunnsverdi fordi det vil føre til ny kunnskap som kan bidra til betre helse i spesifikke risikogrupper, og på generell basis, samt med eit stort potensiale for innovasjon i helsesektoren og for framtidsretta forsking.

Data frå prosjektet kan nyttast til alt frå helseovervaking til å finne ny informasjon og vitskap om kva vi bør legge til rette for; og som eit grunnlag for seinare følgjeforsking. Eit formalisert samarbeid for samskaping i forhold til folkehelse på tvers av offentleg/privat/frivillegheit vil ha stor samfunnsnytte og overføringsverdi til andre kommunar og organisasjonar, også i andre områder enn folkehelse.

 

_______________________________________________________________________________________________

 

Samarbeidspart i arrangering av migrasjonshelse-kurs i Førde

Prosjektleiing: Lærings- og meistringssenteret i Førde

Samarbeidspartar: UWC, RKHR, HIFUS, Helse-Førde

Planlagt kurstid: Januar 2016

 

_______________________________________________________________________________________________

 

Skrive artikkel saman med Høgskulen i Sogn og fjordane om erfaringar frå utvida samhandling ved Røde kors Haugland rehabiliteringssenter

Prosjektleiar: Anette Wolff, HIFUS

Forskingsmedarbeidarar: Lars Kyte, førstelektor og Ole Kleiven, PhD, Høgskulen i Sogn og fjordane

Prosjektperiode: haust 2015, evt vår 2016.

 

_____________________________________________________________________________

 

Survival of conflicts

(Tittel tidlegare: OPP OG STÅ! Utdanning og rehabilitering for unge landmineofre) 
Dette er eit interdisiplinært samarbeidsprosjekt mellom Røde Kors, UWC RCN, RKHR og HIFUS, der kvar eining bidrar med ekspertkompetanse innan sine respektive felt; humanitært arbeid, utdanning, helsefremming og forsking. Prosjektet er støtta finansielt av Røde Kørs sin rammebevilgning frå Utanriksdepartementet. Målet til prosjektet er å fasilitere utdanning og tilpassa rehabilitering for landmineofre for å bidra til meistring og auka deltaking og livskvalitet. Eit essensielt finalt mål til prosjektet er at studentane returnerer til sitt heimland etter to år I Flekke og bidrar med sine ressurser I deira lokale miljø. Ein UWC-utdanning vil også opne mange dørar for vidare akademiske studier. Prosjektet er basert på rekruttering av 2 landmineofre kvart år og tilby dei eit to-årig opphald og utdanning på international baccalaureate (IB-) nivå ved UWC RCN i Flekke i Sogn og Fjordane. Samarbeid og kolokalisering med RKHR vil gje ekspert rehabiliterings-hjelp for å sikre at deira fysiske behov blir dekka og for å auke evna til daglege aktivitetar og deltaking. HIFUS er også lokalisert på Haugland campus og vil stå for forskingsdelen og administrere prosjektet.

Vi ynskjer å studere effektane dette programmet har på deltakarane og deira fysiske og mentale helse med forskings-metodikk og intensjon.

Vi vil og studere kva inistitusjonane lærer og samlar av kunnskap og kompetanse i prosessen. Dette kan ha verføringsverdi for td kommunar som skal ta imot krigsskaddeflyktingar.

 

Status 2015: Data er samla for 8 deltakarar i form av SF36målingar og intervju. HIFUS ynskjer gjerne å samarbeide med andre forskingsmiljø i forhold til dette prosjektet.

_______________________________________________________________

 

Norwegian Nynorsk