Velkomen til HIFUS nettstad

Velkomen til HIFUS sine heimesider. 

HIFUS er ei forkorting for Haugland internasjonale forskings og utviklingssenter og er lokalisert på vestkysten av Norge. Desse sidene har som intensjon å informere deg om kven vi er, kva vi gjer, kva vi kan gjere og korleis du kan kontakte oss.

For ansatte i UWC Røde Kors Nordisk, Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter eller Fjaler kommune: Kva kan HIFUS hjelpe deg med? 

HIFUS kan hjelpe deg med alt frå å utvikle ein forskings-/utviklings-/innovasjons-ide til å skrive ein report for eit prosjekt som er blitt utført. Dette betyr hjelp til å lage prosjektplan, veilede i forsking, lage forskingsgrupper, skape kontakt mellom UWC/RKHR og eksterne miljø, finne finansieringskilder, søke finansiering, hjelp i forskinga td med metoder, skrive artiklar, administrering av forsking etc.

For eksterne partar utanfor Haugland campus: Kva kan HIFUS gjere for deg?

HIFUS innehar forskingskompetanse og kan hjelpe deg med alt frå å lage/utvikle ein forskings- eller utviklings-ide til å køyre heile prosjekt, eller ein mellomting. Kontakt oss gjerne for å vite meir!

Norsk nynorsk